Hei, du som har bestemt deg for, eller vurderer å søkje skuleplass på Tryggheim Strand! Søknadsfristen for neste skuleår, med oppstart i august 2023, er 1. desember. Allereie no er nokre av klassane fulle for neste skuleår. I dei klassane der det er ledig plass, er det viktig å søkje før søknadsfristen for å vera med i hovudopptaket. Vi gjennomfører opptaket etter inntaksreglementet vårt nokså snart etter søknadsfristen. Så dersom du eller nokon du kjenner vurderer å søkje skuleplass hjå oss, er det tid for å gjere det no!

Vi er per i dag 116 elevar fordelt på 1.-10. trinn. Vi er ein skule med eit tydeleg kristent fokus, der vi ynskjer å formidle evangeliet om Jesus. Vi er ikkje berre ein skule for dei som trur, men for alle som ynskjer å gå hjå oss uansett tru, livssyn, livssituasjon og bakgrunn. Vi ynskjer å vera fagleg gode på alle område, både teoretisk og praktisk. Hjå oss skal elevane oppleve å bli møtt, sett, utfordra og utrusta. Vi har engasjerte, framoverretta og dedikerte tilsette som arbeider kvar dag for å løfte dei elevane vi har både fagleg og sosialt.

Lurer du på kva vi står for, kvifor vi er her, og kva vi legg vekt på i undervisninga vår, finn du mykje informasjon på nettsida vår. Du er òg hjerteleg velkomen til å ta kontakt med oss. Velkomen til å søkje skuleplass!