LekseFRISK


Tryggheim Strand er

Fag, relevans, innhald, samarbeid, kompetanse

Hausten 2019 hadde vi ein grundig prosess på Tryggheim Strand der lærarane, leiinga ved skulen,  elevane gjennom elevrådet og FAU, arbeidde med kva fokus vi skulle ha på lekser framover. Bakgrunnen for prosessen var eit godt skrive og velbegrunna brev til rektor frå 7. trinn, der dei stilte spørsmål ved kvifor vi har lekser.

Fleire skular i Noreg prøver no å vera leksefri, fleire av desse med godt resultat. Etter innspel frå alle partar gjennomførte vi eit prøveprosjekt med LekseFRISK. Prosjektet innebar ikkje eit fullstendig fråver av lekser, men ein stor reduksjon av mengden lekser.

Hovudargumenta for å halde på lekser har vore behovet for mengdetrening, førebuing til timane, repetisjon av fagstoffet som er gjennomgått på skulen og at heimen skal kunne vera delaktige i borna sitt skulearbeid. Alle desse momenta har det vore viktig for oss å dra inn i LekseFRISK.

Evalueringa etter den første prøveperioden viste at prosjektet hadde positive resultat. Elevane gav tilbakemelding på at dei var meir motiverte for skuledagen, arbeidde betre i timane og hadde ein ettermiddag med meir overskot. Lærarane melder om meir tid til å arbeide med førebuing av timane og oppfølging av elevane og ein ser ikkje teikn på at elevane lærer mindre på nokon måte. Difor har heldt fram med prosjekt LekseFRISK.

Dette er LekseFRISK:

Fag:

  • Leksefrisk har som mål å auke elevane sin motivasjonen for arbeid i timane på skulen. Skulen har scora litt dårleg på motivasjon i elevundersøkinga dei siste gongene og lekser har blitt peika på frå elevane si side som noko som tek bort motivasjon.
  • Dette er eit prøveprosjekt for å sjå om det aukar motivasjon for arbeid i timane. Leksefrisk gir meir tid til elevane til å halde på med det som interesserer dei sjølve, anten det er lesing, sport, musikk, gardsarbeid eller anna. Det er mykje læring i mykje av det elevane gjer etter skuletid og vi ynskjer å løfte fram verdien av dette.
  • Fagfornyinga og nye læreplanar som gjeld frå hausten 2020 gjer at vi uansett må vurdere alt det faglege arbeidet vi gjer. Lekser er ein del av dette og eit slikt prøveprosjekt gjev oss moglegheit til å ha ein grundig gjennomgang av det vi gjer.

Relevans:

  • Dei leksene som blir gitt skal vera i direkte samanheng med undervisninga, og vera ting som det er behov for at elevane gjer utanom skuletid. Lekser er ikkje eit mål i seg sjølv, det er elevane si læring som er det sentrale.

Innhald:

  • Leksefrisk er ein stor reduksjon av mengden lekser, men ikkje eit totalt fråver av lekser. For ulike trinn vil det vera ulike behov og ulikt fokus.
    • For småtrinnet: lesing - fordi mengdetrening og lesing saman med foreldre er svært viktig for å skape gode lesarar. Dette er særleg viktig i dei første åra på skulen. Dei vil òg kunne få litt gloser og øveord.
    • Mellomtrinnet: Gloser i engelsk. For å kunne meistre eit språk er ordforrådet heilt sentralt. Det er behov for at elevane lærer seg ord og øver på desse utanom skuletid. Glosene står på vekeplanen, men det blir òg lagt inn øving på gloser på skulen.
    • Ungdomsskulen: Her vil dei ha omvendt undervisning i matematikk, der dei ser video med gjennomgang av fagstoff for å arbeide med oppgåver på skulen. Elles vil det ikkje bli gitt lekser på ungdomsskulen, men elevane vil måtte førebu seg til prøvar og arbeide med innleveringar heime.

Samarbeid heim-skule

  • Det er viktig at foreldre og føresette følgjer med på vekeplanar og slik sett er delaktige i elevane sitt skulearbeid. Vekeplanane kjem til å innehalde viktig informasjon, og mål og tema i fag står også der, slik at de kan snakke med borna dykkar om dette heime. Frå skulen si side vil vi leggje ennå meir arbeid ned i vekeplanane enn tidlegare, slik at dei gjev eit godt bilete av kva elevane arbeider med på skulen og korleis dei arbeider.
  • Nokre elevar og foreldre vil ynskje seg lekser og arbeid heime. I ein god dialog mellom skule og heim vil ein kunne leggje til rette for best mogleg tilpassing for den einskilde eleven.

Kompetanse

  • Målet med dette prosjektet er auka kompetanse hjå elevane.