Mesternes mester som valgfag


I løpet av hausten har vi kvart semester “Mesternes mester” i valgfaget fysisk aktivitet og helse. Her får elevane prøve seg på øvingar både i lag og individuelt, totalt 9 ulike øvingar. 

 

Det heile starta med “Tida går”, der elevane får prøvd seg i ei hinderløype lagvis. Den tida dei får første runde skal dei prøve å matche neste runde. Her lager dei seg ulike strategier for å kunne matche tida, alt frå å synge ein sang medan dei går til å telje sekund inni seg. Det laget som kom nærmast skilla det berre 2 sekund på dei to gjennomføringane! 

 

Vidare har vi “Klisterhjerne”, der elevane må gå rundt å telje røde baller + antall kjegler – vester. Dei skal altså telje kor mange det er av kvar, løyse reknestykke og kome fram til rett svar. Her er det nok mange som har humra i sofakroken ein lørdagskveld under Mesternes mester, men no innsett kor vanskeleg det er å halde styr på alle desse tala. 

 

Ein anna kjent øving frå programmet er “trafikklys”, der elevane skal følge instruksjoner gitt gjennom fargar. Rød er et steg fram, gul et steg tilbake, grønn bli ståande og blå ned. Siste mann i kvar runde ryk ut heilt til vi står igjen med ein vinnar. 

 

Ellers hadde vi statiske øvingar som 90 graderen, slitne skuldre og planken. 

 

Vi fekk oss ein god latter då dei lagvis skulle gjennomføre ei anna hinderløype, der puslespel var eit av “hindera”. Puslespelet var egna for 4-åringer, men det er rart med det kor stressa ein kan bli undervegs i ein konkurranse. Men det skal ikkje stå på innsatsen, den var meget god av alle saman!

 

Skriven av Stine Nessa

This slideshow requires JavaScript.