10. klasse i Spania – reiseblogg del 4


Reiseblogg 2022, del 4

 

Fredag 21.oktober 2022

Fuglane kvitra og sola var nettopp kome fram bak åsen i morgondisen – vi var klare for ein ny Spania-dag. Men tida går så syyyyykt fort. Det er allereie fredag, og i morgon reiser vi heim. Etter frukosten i dag bar det i veg til Benidorm. Vi var heldige og fekk med oss Kristine og Katrine som guidar, voluntørar frå Danmark her på Sentro Sarepta. Vi skulle få ein arbeidsdag på Corazón Express. Ein organisasjon som driv med diakonalt og veldedig arbeid i området. Dei tar imot klær og organiserer og distribuerer til andre som treng det. dei deler ut 200 ekser med mat kvar veke og dei driv besøksteneste. Vi var der i 4 timar og vart ganske så svette.

Denne gjengen monterte reolar med hyller så det lukta svidd. Ingen sak for bønder i frå Ryfylke å montere spanske a la europris hyller.

Einaste me var tre ulike team som monterte, og me tok ein «spansk ein» og monterte dei med litt ulik hylle avstand.

Men då fekk me erfare at det faktisk bare er heime i Norge, at det funke å ta ein «spansk ein». Trur du ikkje me måtte jobbe ein halvtime ekstra for å lage alle hyllene heilt maken 🙂

Kjekt å vere med på dette og vere til nytte her nede.

No var det på tide med eit bad og turen gjekk til den koselege byen La Vila Joiosa. Vi kapra oss nokre strandstolar og håpte dei var gratis i dag, men det var dei ikkje. 6 euro for å unngå sand i rumpa, det er vel greit det? Olav og Jonatan la ut på årets svømmetur. Dei ville sjå dei flotte svaberga som låg uti sjøen, men då dei kom fram var det visst berre betongberg. Ingen måtte reddast opp av havet i dag heller, og etter ein is på stranda dura vi heim igjen på 332.

No er det bassengtid etter ein deilig spagetti bolognese her på senteret. Kven kan stupe lengst? Kven kan hoppe lengst og kven er sterkast? Det må jo bare avgjerast. Lommeboka er tom, kofferten er full men i morgon skal vi på kjøpesenter, så då må dei heime berre sende meir penger. No er vi fulle av inntrykk og takker for oss her frå Spania for denne gong. 

Adios.