10. klasse i Spania – resebloggen del 3


Reiseblogg 2022, del 3

Torsdag 20.oktober 2022

 

Ny dag i Spania. Soloppgang og frukost som vanlig. Litt trist at einaste jenta i gjengen var sjuk idag, og no ber vi om har ho må bli frisk. 

Etter dagens bibeltime var det beinharde økter med engelsk og praktisk matte. NOK og Euro og valutakursar vart jobba med og ungdommen vart klar over at pengebruken er nok større enn først antatt. Kanskje burde vi lære om dette før vi gjekk i minibanken, var det nokon som meinte. 

Men endelig vart det lunsj og tid for dagens utflukt. Ferda idag gjekk til Las Fuentes del Algar. Ein idyllisk plass med fossefall og kulpar, som var perfekte å bade og leike i. Denne gjengen er verkelig glade i og flinke til å drive med akrobatikk i vatnet.

Og Las Fuentes del Algar skuffa ikkje. Dette var verkeleg eit eldorado for frisk badeglad norsk ungdom. Til tider fekk dei eit stort publikum til all hoppinga og akrobatiske krumspring i kulpane. Når ein flokk med norsk livsglad ungdom i raude badebukser leikar seg, er det god underhaldning. 

Etter dette gjekk turen til El Guadalest, Spanias mest besøkte turist fjellandsby.

Men det var oppskrytt. Etter ei smal gate på 70 meter og ein butikk, var elevane fint ferdige med El Guadalest. 

Me freste heim til Centro Sarepta igjen.

Vi rakk faktisk eit bad i bassenget før vi tok på oss finstasen, i den grad det kan kallast finstas med klogger, men no skulle vi ut og sjå om det var noko liv i Alfaz del Pi på kveldstid. Fantastisk å rusle bort i sentrum kl 21.00 i 25 grader og T-skjorter. Vi fann Pizzeria Via Appia. Nydeleg mat, god stemning og mette magar. No er det blitt kvelden og vi gler oss til i morgon. Då skal vi få besøke Corazón Express. Sjå innom oss i morgon for å høyre meir om dei!