10. klasse i Spania – del 2 av reisebloggen


Reiseblogg 2022, del 2

 

Onsdag 19.oktober 2022

 

Då var dagen her. Dagen då Calpetoppen skulle bli erobra av årets 10.klassingar. Berre dei sterkaste ville nå toppen hadde vi fått høyre. Med høg puls frå start la vi i veg frå parkeringsplassen mot ein topp som kunne sjå umogleg ut å komme seg opp på.

Først møtte vi på ein relativt streng vakt som kunne påpeike at vi ikkje hadde registrert at vi kom på “besøk” og måtte komme oss inn på kontoret og fylle ut 10 skjema som i beste fall kan beskrivast som lite brukarvennlege. ID og pass måtte vi ha for å gå opp på dette fjellet. Etter 40 minutter med kreative ID-nummer fra 1-9 følte vi oss “registrert” nok til å vandre vidare. Jammen var det godt at sekken var full med vatn i dag óg. 30 grader, vindstille og ingen skugge vart ganske så varmt, men ingenting kunne stoppe denne gjengen på veg mot toppen. 2km, 230 høgdemeter og 1 time seinare kunne vi endeleg ta det klassebilde vi hadde venta på. Mestring, svette, ingen tårer men utruleg utsikt

Det viste seg at også Calpe kunne by på eit breitt utvalg av ting og tang i kjekke strandbutikkar. 7 av 7 gutar hoppa uti Middelhavet i like, raude badebukser kjøpt 5 min. tidlegare. 

 

Etter eit forfriskande bad på stranda dura vi tilbake til Centro Sarepta for å rekke “pique macho” – ein boliviansk versjon av kebabtallerken. Det smakte fortreffeleg. Hadle skaut gullfuglen i dag med mobilen som overlevde å ligge 20 km oppå biltaket på veg heim. Vi er så avslappa her i Spania at vi tenker at alt går fint. 

I kveldens samling har vi hatt om ungdommar sine medievanar. Kva let vi oss påverke av, og kva er haldningane og verdiane som blir formidla til oss gjennom skjermen? Kva godt gjer det oss?

Tidlegare i dag, før Calpe, fekk vi sjølvsagt med oss ein bibeltime, og vi begynner å forstå at vi treng Jesus med oss kvar dag. I morgon kjem ein ny dag.