Søk skuleplass på Tryggheim Strand!


 

Har du bestemt deg for å søkje, eller vurderer å søkje skuleplass på Tryggheim Strand?

Søknadsfristen for neste skuleår, med oppstart i august 2024, var 1. desember. Men me har framleis ledig kapasitet i dei fleste klassane, så dersom du eller nokon du kjenner vurderer å søkje skuleplass hjå oss, er det tid for å gjere det no!

Vi er per i dag 117 elevar fordelt på 1.-10. trinn. Vi er ein skule med eit tydeleg kristent fokus, der vi ynskjer å formidle evangeliet om Jesus. Vi er ikkje berre ein skule for dei som trur, men for alle som ynskjer å gå hjå oss uansett tru, livssyn, livssituasjon og bakgrunn. Vi ynskjer å vera fagleg gode på alle område, både teoretisk og praktisk. Hjå oss skal elevane oppleve å bli møtt, sett, utfordra og utrusta. Vi har engasjerte, framoverretta og dedikerte tilsette som arbeider kvar dag for å løfte dei elevane vi har både fagleg og sosialt.

Lurer du på kva vi står for, kvifor vi er her, og kva vi legg vekt på i undervisninga vår, finn du mykje informasjon her på nettsida vår. Du er òg hjarteleg velkomen til å ta kontakt med oss. Velkomen til å søkje skuleplass!

 

Søk skuleplass