Volleyball i 1.-2. klasse


Går det an å spele volleyball i 1.-2. klasse? Kanskje ikkje med høgt nett, hard ball og diamantformasjon. Men om du bytter det høge nettet med eit badminton-nett, den harde ballen med ein ballong, og køyrer fritt vilt på plassering, så kan du få ein riktig så god oppleving. 

Det var akkurat det me gjorde i gym-timen i dag, og det vart ein utruleg kjekk time, både for born og vaksne. Og sjå dei ferdighetene borna viser i volleyballong 😄 

 

 

Dette skal me gjere igjen!