Glimt frå leiken på Tryggheim Strand


For dei minste elevane er leiken viktig, og det å leike oppleves som lystbetont og motiverande. Gjennom den frie leiken skjer det mykje læring, og leiken er ein viktig arena for å trene på sosiale ferdigheiter, og for å bearbeide følelsar og opplevingar. Samstundes har også  den frie leiken verdi i seg sjølv, fordi det gjev borna gode opplevingar og glede. Den frie leiken har rom på skulen. Det gjeld særleg i friminutta, men óg gjennom uteskulen for 1.-2. klasse. På uteskulen har me sett av mykje tid til leik på ulike plassar ute. Ofte tek det lang tid å etablere god leik, og ein rekk ikkje alltid det iløpet av eit friminutt. Derfor kan leiken få ein anna karakter når me er på uteskule, og elevane kan komme djupare inn i “rollane” i leiken. Dette er noko me ynskjer å framelska, og verna om på skulen vår. 

 

Leik i undervisninga

På Tryggheim Strand ynskjer me også å bruke leiken som innfallsvinkel til å lære fag. Me kjenner godt til borna sine behov for å leike seg, og prøver å trekke inn element av leik i undervisninga. Det kan være så enkelt som ein bingo med ord frå ein tekst, eller meir omfattande rolle-leik. Her skal de få sjå nokre glimt frå to opplegg som har vore i 1.-2. klasse i vår, nemleg bamsesjukehus og butikk.

 

Bamsesjukehus

Borna fekk i lekse å ta med seg ein sjuk bamse til skulen. På skulen starta me med å beskrive bamsen, korleis den såg ut, kva den heitte og kva symptom den hadde. Allerede her god skrivetrening. Etterpå måtte bamsane til sjukehuset, der dei måtte skrivast inn av resepsjonistane, målast og vegast av sjukepleiarane, og få ein samtale og grundig helsesjekk av legane. Det var mange bamsar som var sjuke, så det blei ein del venting. Men vi hadde eit venterom, og der låg det bøker som borna kunne lese for bamsen sin, sånn at ventetida ikkje skulle bli så lang. 

 

Presentasjon av bamsane

Beskriving av bamsane

Behandling av bamsane

 

Butikk

På skule har Inger Lise, saman med borna i 1.-2. klasse opna ein liten nærbutikk. Den inneheld daglegvarar, som borna har tatt med seg til skulen. Det kan være alt frå ein tom juice-kartong til (…) Butikken gjev mange mulighetar, både til leik og læring, og Inger Lise trekker den inn i fleire fag. I matematikk har dei først laga prisar til varene, for så å kjøpe og selge dei. Det gjev gode og naturlege erfaringar med penger, samtidig som det gir gode leik-opplevingar. Dei kan skrive handleliste, lage reklame-plakatar, og øve seg på dialogen som finn stad i butikken. Denne dialogen har dei observert mange gonger, når dei er med vaksne på butikken, og leiken gir ein arena for å teste det ut. “Trenger du en pose” “Ja takk, jeg tar tre” er replikker som borna kjenner til, og bruker i denne arenaen. I parentes bemerka er det mange born som slår om til bokmål når dei går inn i rolleleiken, og det kan vi også sjå i slike oppgåver.