Vaffeldagen, utekjøkken og Ukraina


Det er mange dagar som er verdt å markera iløpet av eit år. Me nærmar oss påske, og for oss på Tryggheim Strand kjem påska med nokre av dei viktigaste høgtidsdagane iløpet av året. Skjærtorsdag, langfredag og 1. påskedag er heilt sentrale i den kristne bodskapen, og dei markerar me kvart år. Men det finst også andre dagar som er verdt å markera, for eksempel 25. mars, som er vaffeldagen.

 

I år har lærarane i 6. og 8. klasse valgt å markera akkurat denne dagen, på kvar sin måte. 6. klasse flytta mat og helse-undervisninga ut. Og med godt vêr, bål, vaffelrøre og vaffeljern låg alt til rette for ei verdig markering. Vaflane vart også fine, på bileta, men det var visst ikkje så enkelt som det ser ut til. Dei blei visst både brende og svidde. Om dette skuldest gammalt jern, eller manglande tolmod er uvisst, men no har hvertfall Berit Karin bestemt seg for å kjøpe eit nytt vaffeljern til bål. Så får me håpe at me har betre lykke på vaffeldagen neste år 😊 Men på tross av at vaflane hadde ein hint av kolsmak var trivselen på topp! Det var kjekt for alle med ein annerledes dag, med bål og kos ute.

 

Elevane og lærarane i 8. klasse valgte ei litt anna vinkling på vaffeldagen; dei rigga til stand utanfor butikkane på Tau, steika vafler, og solgte dei til inntekt for Ukraina. Eit flott tiltak, som syner at dei tenkjer på dei som har det vanskeleg, og ynskjer å bruke av tida si til å hjelpe dei. Og resultatet? Dei fekk inn 3100 kr tilsammen, som er er sendt vidare til ukrainsk bistand.

 

Bilete frå utekjøkkenet til 6. klasse:

 

Bilete frå vaffelsalet til 8. klasse: