Litt som å kome heim


Litt som å kome heim

Intervju med Berit Karin Braaten, ein av mange flotte miljøvegleiarar på skulen.

Her er Berit Karin i full sving med å gjere klar pølser til utdeling under karneval tidlegare i vår.

 

Etter over 25 år innen helsevesenet trengte Berit Karin ei forandring. Ho er utdanna sjukepleiar og har arbeidd heile livet innen helse. Hausten 2021 starta ho her på Tryggheim Strand som miljøvegleiar, og når ho no ser seg tilbake beskriv ho det litt som å kome heim.

 

Ut av komfortsona

Ho skildrar likevel overgangen til skule som tøff, og fortel at ho har vore nøydd til å gå ut av komfortsona si. Samstundes trekk ho fram erfaringar frå tidleragre arbeid som ho tek med seg, inn i skulen.

 

  • Det har vore eit utfordrande år for meg. Eg har nok hatt mykje av identiteta mi i yrket som sjukepleiar, men dette siste året har eg sett at eg ska få ha mi identitet i Jesus, og ingenting anna.
  • Eg har ikkje arbeidd i skule før, så alt er nytt. Eg har gått heilt ut av komfortsona mi, og det er eigentleg ikkje naturleg for meg dette. Så det har vore krevjande. Samtidig har eg med meg erfaringar frå psykiatri. Då har eg helst arbeidd med vaksne folk, men det er likevel mykje eg kan ta med inn i denne jobben. 

 

Kjenner meg igjen i mange av dei som strevar

Vidare fortel ho at ho sjølv opplevde skulen som tung, og korleis det no hjelper ho med å forstå andre som strevar.

 

  • Sjølv har eg strevd mykje på skulen, og kjenner meg nok igjen i fleire av dei som strevar. Eg vart sjølv diagnostisert med dysleksi på slutten av sjukepleiarstudiet, og då fekk eg endeleg ei forklaring på kvifor eg strevde sånn med skulen. Det betydde mykje for meg med den forklaringa. Eg veit av eigen erfaring kor viktig det er at den enkelte elev vert sett og får oppleve meistring og god sjølvkjensle på skulen.

 

Tett på elevane

Ho er tydeleg engasjert når fortel om korleis me arbeider med dese tinga på skulen vår.

 

  • Det er viktig for meg at dette kjem fram. Dei vaksne er tett på, og me lukkast i stor grad med å sjå den enkelte eleven. Det er ein av styrkane her på skulen. Den er såpass liten, og derfor har me óg oversikt. Me fylgjer elevane heile vegen, både i undervisning, men óg med mange vakter ute i friminutta. Eg har sjølv sett korleis dei som arbeider her tek tak i problema med ein gong, sånn at dei ikkje veks seg større. 

 

Var sjølv kritisk til kristne friskular

  • Eg var sjølv kritisk til dei kristne skulane, og kunne ikkje sjå hensikten med at borna skulle bli tatt ut av den offentlege skulen for å gå på private skular. Synet mitt har nok blitt gradvis endra, men eg må sei at etter eitt år her så ser eg heilt annleis på det.
  • Eg ser kor viktig det er å gå på ein kristen skule, uavhengig av om du er kristen sjølv. Det er så mange gode verdiar her; sunne gode haldningar som eg trur skin tydeleg gjennom på denne skulen. Vi har eit menneskesyn som løfter og ser den enkelte. No ser eg på det som eit privilegium å få jobbe på en kristen skule. Vi får ha andaktar med personalet, og med elevane, og det er heilt gull. Vi har fokus på dei gode verdiane.

 

Som å kome heim

  • Når eg byrja her var det litt som å kome heim. Eg har flotte kollegar som gjer ein fantastisk jobb. Me har eit flott nytt skulebygg som gjer oss mange mogligheiter.
  • Det gir meg så mykje å få vera saman med borna på denne reisa. Det gir meg livsglede å sjå ting gjennom augo deira. 

Skrive av Ruben Fjell