TL Kickoff


Før helga var det fest i matfriminuttet her på skulen. Me hadde nemlig kickoff for trivselsleiarprogrammet. Heile skulen var med på leikar, me lærte trivselsleiardansen og trivselsleiarane spanderte is på resten av skulen.

Trivselslederprogrammet er eit program for aktivitet og inkludering i barne- og ungdomsskulen. Programmet legg til rette for auka aktivitet både i friminutta og i undervisninga. Aktivitetane i friminutta blir planlagt og leda av elevar som er valgt som trivselsleiarar.

Her på skulen har me 6 trivselsleiarar frå 4.-7. klasse.  Dei har no fått opplæring i regi av Trivselsleiarprogrammet og skal lede aktivitetar i matfriminutta nokre dagar i veka.  Dei har og eit særskild ansvar for å inkludere barn som går åleine.  Det var ein kjempekjekk start på fredag, og me gler oss til fortsettelsen.
Sjekk gjerne ut presentasjonsvideoen av trivselsleiarprogrammet nedst på sida.