Reiserapport Japan – utforsking av Kobe


Tryggheim har fått lov til å sende to elevar og to vaksne til Japan for å sjå og oppleve misjonsarbeidet der sidan me har Japan som misjonsprosjekt. Her kan du lese del 2 av reiserapporten deira, og sjå bilete frå noko av det dei har opplevd.

 

 

Vi utforskar Kobe

 

Vi starta dagen med å sjå på  buddhistisk og shinto  tempel som ligg rett bak i nabolaget der vi  bur. Buddhismen  og shinto  er dei to største religionane  i Japan. Shinto vert rekna som nasjonal religionen, og er ein viktig del av deira kulturarv. Me såg  store buddhafigurar og torii, den heilage port. I Japan er det bare 1 % kristne, 

Vi tok buss ned til  Kobe sentrum der vi  hadde med oss Ole Bjarne  som guide. Han lærte oss korleis vi sjølve kunne ta bussen opp til leiligheta i Aotoni.

Til lunsj hadde vi sushi på  rullebånd. Dette var ei artig oppleving med mange ukjente smaker og lukter. Me prøve sushi med laks,mozzarella og basilikumdressing, blekksprut, tunfisk, og nudelsuppe. Til dessert hadde vi “Japanese Fruit Sandwich”som Miriam ville prøve.

På  ettermiddagen var vi invitert på middag hos familien Nævdal. Dei bur i ei leiligheit  på bibelskulen. Christoffer er medpastor i ei lita kyrkje ca. halvtime frå Aotoni. Vi  blei vi tatt godt imot av fire leikelystne barn i alderen 7-½ år og kjempegod mat. Brage fekk prøve ein gamaldags japansk kalkulator/kuleramme, abakus.