Reiserapport frå Japan – dag 4 og 5


Hu og hei kor det går! Det har vært nokon travle dagar her i Japan. Fullt opplegg fra morgon til kveld med masse opplevingar! Så når kvelden kjem stupar me i seng.

Dag 4 starta med besøk i jordskjelvmuseet i Kobe. I 1995 var det et stort jordskjelv her som kosta mange tusen livet. Skjelvet var 7.3 på richter skalaen. Det var sterkt å sjå bilete og film av kor voldsomme naturkreftene er, og kor mykje skjelvet kan øydelegge alt av byggningar og vegar. Det som gjorde inntrykk oppi katastrofen, var at mange opplevde samhold og ansvar for kvarandre. Det var for dei fleste første gong i et individualisert samfunn. 

Etter museet drog me vidare til familien Bergesen for å sjå arbeidet som dei gjer der. Me fekk vere med på English club der barna etter skulen fekk engelskundervisning, litt mat og andakt. Det var ei veldig fin oppleving. 

Deretter satte me kursen til et eldre japansk ektepar som var veldig gjestfrie. Dei ønska at me skulle oppleve ei natt i et tradisjonelt japansk hus og få ligge ei natt på stråmatter. Kona i huset ville helst me skulle være der to netter 🙂Men me var alle enige om at det holdt med ei natt. Marius Bergesen var flink å oversette alt dei eldre ville fortelje oss. Miriam og Brage var gode hjelparar på kjøkken, så denne dagen hadde me mat og helse. Kona i huset trylla fram ein nydeleg middag til oss. Under middagen fekk me mykje innblikk om korleis livet og kvardagen er for japanerne. Dei har ikkje like gode ordningar som me i Norge har. F.eks. har dei ikkje gratis videregående og høgskule. Mange står veldig lenge i arbeid, for pensjonsordningane er ikkje så gode. Mannen i huset er 71 år og fortsatt arbeider han 24 timers skift, som vakt, 3 gonger i veka. 

Etter ei litt hard natt og ein god frokost og mange inntrykk bar veien vidare tilbake til Aotani. Der venta rundt 18 born på oss i Aobaen barnehage. Det er ein privat barnehage som Ingebjørg Hildre driv. Gerd Elin og eg blei imponert over strukturen og disiplinen borna har. Ut fra signal som musikk eller en lyd visste borna kva dei skulle gjer. F.eks når det var lesestund kom det ein lyd som borna responderte med å hente seg ei bok, sette seg i ringen og las. Me fekk vere med i leik og samlingsstund, der dei fekk ein bibelhistorie av presten i kyrkja. 

Neste post på programmet var bønnesamling i leiligheta “vår” der me laga middag til  misjonærene og borna (20 stk) Sindre Stokken som er ettåring her, var med å hjalp oss. Me laga ein japansk rett uten å heilt vite korleis me skulle gjere det, så det var og ei oppleving. Det er kjekt å sjå korleis borna er med på alt som skjer her. Det var ei fin og rørende stund i lag.

Damene avslutta dagen med eit bad i Onsa mineralbad. Det var godt for kropp og sjel!