Reiserapport frå Japan – siste episode


 

Reiserapport (Dag 7-8)

 

Lørdags morgen startet med eit forsøk på å tømme kjøleskapet så mykje som mogleg, og etter frokost var vi klar for turen til Yonago. Etter omtrent to og ein halv time med buss blei gjengen henta av David på busstasjonen. På vei til huset stoppet vi for å få litt mat, der vi endte opp med å spise tonkatsu på ein lokal restaurant. Med full mage var vi klare for å sette oss i bilen og køyre til huset. Der skulle vi tilbringe de 2 neste nettene før reisa tilbake til Norge. 

 

Då vi kom fram til David og Caroline sitt hus fikk vi omvisning rundt om i huset, i tillegg til å bli fordelt på dei 3 ulike romma. Då endte det opp med at Brage skulle ligge på ei madrass på stråmatte golv, som var ei oppleving han ennå ikkje hadde erfart. Like etter at vi hadde satt oss ned i sofaen bestemte dei voksne seg for å ta ein liten powernap. I det dei kvilte var ungdommen straks i gang med å prøve ulike spel som måtte lærast av David. Etter mykje moro med ulike spel sto kaffien klar til dei voksne som var nå vakne og snart klare for middag. Etter veldig god mat og litt meir spel, var det på tide å legge seg for å få ny energi til morgendagen, som skulle vere den siste fulle dagen her i Japan.

Søndags morgen var alle klare for ein heil dag i kirken, og etter litt mat i magen var det på tide å køyre til kirken her i Yonago. Då vi var kommen fram til kirken var alle allerede fullt i gang med stikkball, og etter litt tale i kirken var det på tide med litt gruppearbeid. I det ungene var i gang med gruppearbeidet tok vi turen til ein starbucks i nærområdet. Med god drikke og ein liten tur var vi straks tilbake i kirken klar for kirkens ungdomsopplegg. Opplegget startet med litt lunsj, då frityrstekte vi ulike ting som vi spiste med litt tilbehør. Med ny energi var alle klare for litt leik og moro, og då alle var delt inn i 2 lag var vi klare for kanonball med ein liten vri. I steden for å bruke typiske kanonballer brukte vi nokre myke frisbiar til å ta kvarandre med. 

Til slutt avslutta vi dagen i kirka med ein tale og litt bønn, klare for turen tilbake til huset. Etter å ha køyrt 2 omganger med bil var middagen straks på bordet. I dag var det Yakisoba som var på menyen, direkte oversatt er dette stekte nudler. Vi avslutta så dagen med ein roleg kveld med nokre gode heimelaga kjeks. Nå er vi klare for siste dagen her i Japan før flyet heim til Norge.