Reiseblogg frå 10. klasse i Spania


Hei bloggen! 

Måndag morgon stod 24 sydenklare 10. klassingar klare på Sola. Flyet til Alicante var snart klart for take-off, og det var me og. Ein mellomlanding i Stockholm førte til at fleire fekk starta turen med ein runde i massasjestolen. Til glede for flyet sine medpassasjerar, stemte fleire av elevane våre i ein spansk lovsang på

 flyet, “Yo el alabo”. Turen sørover gjekk knirkefritt, og varmen slo godt imot oss i det me gjekk ut av flyet i Alicante. Til tross for eit lite busshavari var stemninga desse to ventetimane upåklageleg, og me følte “bussos havoritos” var eit passande namn på oss. Me kom oss trygt fram til Centro Sarepta innan midnatt, og stemninga var framleis på topp. 

Tysdag morgon var alle 24 elevane våre meir eller mindre opplagte og klare for frukost. Johannes Kleppa hadde bibeltime for oss med temaet “Å vere ein motkultur i dagens samfunn.” Samfunnsfagtime med Arild Melberg var det neste på timeplanen, der me fekk god innføring om Spania. 

 

Temperatur høgt oppe på 20 tallet, og skyfri himmel, gjorde sitt til at elevane var klare for å stupe uti bassenget på senteret før lunsj. Heldigvis forsto Arild at me var meir enn klare for bassenget, og me fekk derfor tid til ein dukkert før lunsj.  

 

Me ligg ikkje på latsida, og rett etter lunsj var me klare for tur til Albir. Her var det både fjelltur og strandtur på programmet. Vi nøyt ein varm og god dag i Albir både oppe i høgda og nede ved havet, før vi returnerte til senteret. Her venta deilig middag.
Nå sit me ved bassengkanten og skriv blogg til dykk heime i kalde Noreg, til lyden av latter, skvulping og stuping frå bassenget. 

 

Følg med vidare – i morgon er vi klar nye eventyr i storbyen Valencia! 

 

Spaniaklem frå oss!