Reiseblogg frå Spania – del 2


Hei, alle bloggvenner! 

 

Etter nokre timar søvn stod me opp, og var nokså klare til eventyr i Valencia by. Fleire hadde hatt koseleg besøk av mygg på rommet i løpet av natta, og vi er blitt ganske rødprikkete heile gjengen. Etter ein frukost som berre måtte ned, og sekken pakka med penger og drikke, var vi klare for å sette nasen mot Valencia. 

 

Med god allsang på bussen gjekk turen kjapt, og i det vi gjekk ut av bussen slo 30 varmegrader mot oss. Vi gjorde oss klare for byvandring. Dei fire mest populære turistplassane i Valencia måtte sjølvsagt besøkast. Når me hadde funne ut korleis Google Maps fungerte var me klare for å starte på byvandringa. Fleire fekk seg og tidenes pandaklem midt i sentrum av byen. 

Etter ei herleg byvandring var vi klare for lunsj på McDonald’s. Du kan jo bare sjå for deg det levande og herlege kaoset me laga når alle 24 skulle få velge seg sin eigen meny, og ikkje minst etterpå når alle skulle finne sin mat når den kom på bordet. Gode og mette blei me i alle fall, og endeleg tenkte lærarane på andre ting enn skule, opplevingar og historie, og Valencia fekk opplevast på eiga hand. Måtte bare først innom marknaden i byen, som Olav meinte var så veldig bra.. Nasen blei fort vendt mot KFC og Sephora. Etter kvart nærma klokka seg ettermiddag, og det var tid for å tenke på tacoen som venta “heime”. Det må vel vere eit godt teikn at både vaksne og elevar seier at vi skal heim igjen.. 😉 Imponerande nok, klarte alle å komme seg ut av denne labyrinten av ein by tidsnok, og ein svært koseleg bussjåfør smilte fint til oss når me stod og venta på han. Om bord i bussen kunne nokon melde om over 17 000 skritt i løpet av dagen. Ikkje alltid like lett å finne fram i ein ny by – kan jo bare spør Martine, Miriam, Sarah og Selma om det 😉 

 

Heime venta herleg norsk taco, og vi blei igjen gode og mette. Basseng og bading stod nå høgt på ønskelista. Stemninga var derfor mindre god når lærarane først skulle ha lærar-bading. 

 

Det nærmer seg slutten på dag 2 her i Spania, og i dag som i går mimrer vi tilbake på nok ein nydeleg dag saman med ein nydeleg gjeng 10. klassingar. Nå venter snart kveldssamling der vi snakker saman om liv og tru – ein fin og god avslutning på dagen. 

 

Vi snakkast i morgon, bloggvenner!