Reiseblogg frå Spania – del 3


Hola frå Spania!

 

Klokka var 8.30, og 24 meir eller mindre vakne elevar stod klare ved frukostbordet. Me starta dagen roleg, med morgonsamling og bibeltime med Johannes Kleppa. Temaet for samlinga var som sist, korleis det er å vere kristen i samfunnet me lever i. Me har blitt utfordra på å reflektere rundt både medievanane og materialismen vår. 

 

Etterpå fulgte  mattetime med Karen og Rannveig der temaet var valuta. Utbytte av timen var at me lærte at det følger gebyrer med minibankuttak i utlandet, og at me må legge til 2% på kjøpssummen om me betaler med kort i butikkar i utlandet. Sol og 23 varmegrader, gjorde sitt til at svømmebassenget fyltes opp før lunsjtid, medan andre brukte tida på å skrive på engelske reisebloggen sin. 

 

Kl 13 stod bussen klar, og vegen bar sporenstreks ned til beachvolley og bading i Villajoyosa. Me gjekk gjennom byen, og ned til stranda. Sterk vind frå vest, sørgde for at volleyballen var litt umedgjerleg… Derimot sørgde vinden for kraftige bølger å hoppe i.

I forkant av badinga, sørga Olav for styrketrening med knebøy, armhevingar, utfall m.m. på sjølvaste strandpromenaden med butikkar og restaurantar like rundt. Dette blei etter kvart så flaut at Gunn Tåve og dei fleste andre pilte ut i havet. Dei einaste som fullførte treninga var Olav, Natalie, Pop, Brage og Ingrid. Dei fullførte med stil, før dei tok følge med resten og stupte ut i bølgene. Bading og vannsurfing i store bølger, gjorde sitt til at både Olav og resten av gjengen blei underhaldt dei neste timane. 

Dersom nokon lurer på korleis ein mest effektivt kan bytte klede etter ein badetur, har jentene i 10. klasse nå funne svaret på dette. Ei jente står i midten, og fire jenter står i ring rundt og held handklede i ring. Deretter bytter dei på kven som står i midten, til alle er ferdig bytta. Kor effektivt dette er, kan diskuterast. Det kan nevnast at gutane stod på solid avstand til byttinga var vel gjennomført. 

 

Tilbake på senteret venta saftig spareribs med steikte poteter, noko som slo godt an hjå gjengen. Etter ein kvil, var me klare for ny kveldssamling. Me vaksne er heldige som får sitje saman med elevane i smågrupper, der elevane våger å vere ærlege, og snakker om liv, tru og tvil saman. 

 

Nå har mørket senka seg over senteret, og bassenget er opplyst med blått lys, og gutane er nok ein gong klare for eit bad. Jentene derimot lader opp til kveldens høgdepunkt. I kveld skal me nemleg avslutte dagen med BINGO med premiar frå kiosken. Og som vanleg, er det Tobias Gard som er den store bingomeisteren og styrer showet. 

 

Skulle ynskje de og fekk avslutte denne torsdagen med privatkonsert frå nokon av jentene. Det dukker stadig opp nye, uante og positive sider hjå elevane. 

 

Me er utruleg takknemlege for å få vere på tur med denne flotte gjengen, og me gler oss til fortsetjinga. Adios amigos, hasta mañana.