Siste reiseblogg frå 10. klasse i Spania


Å nei….

 

Veka vår her i Spania går mot slutten, til alles store fortvilelse. Det har kome inn fleire spørsmål om kor vidt det er mogleg å forlenge opphaldet med ei veke til, noko som tyder på høg trivselsfaktor her på Centro Sarepta. Litt skeptisk til om gjengen heilt tillater at vi blir ei veke til.. Men no har me altså hatt vår siste heile dag. 

 

Dagen starta, slik den har gjort heile veka, med nydeleg frokost utandørs, etterfulgt av vekas siste bibeltime med Johannes Kleppa. Det er kjekt å høyre at stadig fleire av elevane hiv seg med i den spanske lovsangen.

 

I dag snudde me rundt på det planlagte programmet, og kom oss raskt avgårde for å rekke den lokale marknaden her i Alfaz del Pi. Ein dag på marknaden i Spania, er som som ein fest for alle sansane. Fargerike boder, duftande mat og hyggelege og svært pågåande selgerar, gjorde sitt til at elevane opna pengepungen sin. I løpet av dei neste timane, kom det fram at fleire av elevane våre har svært gode ferdigheter innan pruting. Slageren hjå jentene var vesker av alle slag, medan gutane var mest gira på klokker… Kvalitet og varemerker, var truleg av den meir usikre sorten… Men store smil og svært nøgde elevar, det vert det i alle fall. 

 

Trygt attende på senteret, venta ein god lunsj med spareribs- og pommesfrites rester frå gårsdagens middag. Maten blei såvidt fortært, før gutane stupte i bassenget. Jentene derimot, satte seg ivrige ned og fullførte den engelske bloggen for veka, før dei tok eit velfortjent bad. 

 

I og med at neste post på programmet ikkje var før middag kl 17, fekk elevane tilbod om å bli med på fjelltur i Albir. Ufatteleg nok, takka samtlege av elevane nei… Til fordel for engelskskriving, meir hopping i bassenget og ein god kvil under dyna. Dermed kunne dei spreke miljøarbeiderane våre nyte utsikten frå Alt del Gouvernador heilt åleine.

Elevane har dei siste vekene før avreise øvd på sangen “ He will hold me fast”, og i kveld var kvelden komen for den store framføringa. Etter ein times busstur til Cosentaina, deltok me på kveldsmøte i ein lokal menighet. Brage og Ida leste bibelvers på flytande spansk, og Rannveig imponerte med vitnesbyrd på spansk. Heile klassen deltok med sang, og spanskelevane bidrog i tillegg med ein spansk lovsang. Ingen tvil om at heile gjengen fortjener is etter kveldens bidrag. 

I morgon er avreisedag… men heldigvis ikkje før utpå ettermiddagen. Så me planlegg å avlegge eit nytt besøk i middelhavet, før me pakker oss ut frå senteret. 

 

Takk for oss! Me har hatt eit uforgløymeleg eventyr. Nye vennskap er knytta, og samholdet er om mogleg blitt endå tettare. Me reiser heim litt brunare, takksame, trøyte og glade! «Dette e et minne for livet», har fleire av elevane sagt i dag☺️