Morgonsong


Morgonsong

I korridorane kjem elevane gåande i rekker. Dei er på veg til aulaen, til morgonsong. Dei minste elevane set seg fremst, og dei største bakerst. Gerd Elin sit med pianoet, og Karen står med ein PC som er kobla til projektoren. Når den siste klassen er komen inn, reiser Gerd Elin seg og seier “Velkommen til morgonsong, i dag startar me med Grevling i taket.” Karen startar songen, og elevane syng med. Nokon kjenner songen godt, og syng av full hals. Det er kjekt å synge. Når sangen er ferdig seier Gerd Elin: “no syng me Alt av nåde”, også begynner ho å spele. Ikkje noko prating, eller venting. Borna ser ut til å lika det. Det er ei slags effektivitet over det. Til slutt syng me “Navnet Jesus”. Det ljomar når elevaen syng koret. Når songen er ferdig seier Gerd Elin: “Takk for no” også sender ho ut ein og ein klasse til friminutt. Det heile er over på 10 min.

 

Ein idé frå Island

Det var Ingibjörg som kom opp med idéen: Ei kort samling kvar veke, der me syng saman. 

 

-Eg er vant med morgonsong frå eg gjekk på skulen sjølv, på Island. Heile skulen møttest i Aulaen etter første time og song 2-3 songar, før me gjekk til friminutt. Og dette gjorde me kvar dag. Det var sånn det var, så eg tenkte nok ikkje så mykje over det den gongen. Men når eg ser tilbake på det så ser eg at dette hadde positiv verdi.

 

-Eg har lenge hatt lyst til at me skal begynna med det her, og me har snakka om det fleire gonger, men det har liksom ikkje blitt noko av det. Men for ei tid tilbake såg eg ein video frå Island, frå den skulen eg gjekk på. Den viste morgonsong. Eg var ikkje klar over at dei haldt fram med det, men det var så kjekt å sjå, og det vekte så mange gode barndomsminner hjå meg. Og no har me starta opp med det også her på skulen, fortel Ingibjörg. 

 

Stor verdi å samlast

-Det har stor verdi at me kan samlast heile skulen og synge, fortset ho. Eg trur det vil ha stor  betydning for samhaldet på skulen. Og i tillegg så gir det oss ein moglegheit til å gje noko vidare til elevane. Noko som har verdi. Dei lærer dei gode tekstane, og det er noko som vil følge dei vidare i livet. 

 

-Også er det jo kjekt å synge, avsluttar ho med eit smil.

 

This slideshow requires JavaScript.

 

Skriven av Ruben Fjell