Ledige vikariat


Ledige lærarstillingar på Tryggheim Strand

Elevane våre treng fleire dyktige, engasjerte, støttande og retningsgivande lærarar! Vi har no ledig tre vikariat som lærar.

  • Eitt vikariat frå 1. november 2022
  • Eitt vikariat frå 1. januar 2023
  • Eitt vikariat frå 1. mars 2023

For stillingane gjeld fylgjande: 

  • 80-100% stilling
  • Moglegheit for forlenging av vikariat eller fast stilling.
  • Undervisning på barnetrinn eller ungdomstrinn, men det kan òg vera aktuelt med ein kombinasjon av desse.
  • Kontaktlæraransvar

Alle fag er aktuelle, men me ser særleg etter deg som har 

  • Norsk
  • Naturfag
  • Matematikk
  • Musikk
  • Spansk

Me ynskjer deg som:

  • er ein dyktig og tydeleg klasseleiar
  • kan ha andaktar for elevane
  • er god til å byggje relasjonar til elevar og kollegaar
  • er fleksibel og er god til å samarbeide
  • kan bidra positivt i det pedagogiske utviklingsarbeidet ved skulen
  • trivst med ein hektisk kvardag

Kvalifikasjonar:

  • formelt kvalifisert for undervisning i grunnskule
  • trygg i nynorsk som undervisningsspråk
  • den som vert tilsett må leggje fram politiattest
  • Me legg stor vekt på personlege eigenskapar

Vi kan tilby eit godt og inkluderande arbeidsmiljø som er prega av fokus på fagleg utvikling, arbeidsglede, kreativitet og gode verdiar.

Vi forutset at søkjar bekjenner den kristne trua og kan identifisere seg med formål og verdiar i samsvar med verdidokumentet for skular i Misjonssambandet.

Ta kontakt med assisterande rektor Jo Sølve Dalane for spørsmål om stillingane på tlf. 51 29 01 29 / 480 31 449

Søknad kan sendast på e-post til jo.dalane@tryggheimstrand.no eller via stillingsannonsa på Finn.no: https://www.finn.no/job/fulltime/ad.html?finnkode=273752367

Søknadsfrist: Snarast