På Tryggheim Strand får elevane moglegheit til å velje arbeidslivsfag som eit alternativ til språkfaget spansk. Her får dei arbeide meir praktisk, og ein time i veka er dei vaktmeistrar på skulen. Då kan ansatte på skulen melde inn behov, så stiller dei gledeleg opp for å hjelpe.
Elevane seier sjølv at det er meir motiverande å ha fag som er meir praktiske, og at dei er glade for å kunne ha dette faget på skulen.
Her ser de nokre glimt frå vaktmeisterjobbane:
- Vindusvask på høgt nivå!
- Kreativitet og samarbeid 😊
- Ei tjeneste som er høgt skatta av lærarane: hjelp med laminering!
- Samarbeid gjev resultat!
- Romvesen, eller berre arbeidssame elevar?
Skrive av: Karen Gard Fiskå