Kan LEGO brukast til å løyse likningar med x og y?


       Frå læreplanen:

       «Eleven skal kunne lage, løyse og forklare likningssett knytte til praktiske situasjonar»

 

Modellering og anvending

Eit av kjerneelmenta i matematikk på skulen er modellering og anvendingar. Dette gjeld óg i arbeidet med likningar med ukjente, som x og y. Tenker du no at du ikkje orker å lese meir, og at dette var for “tungt”? Tenker du at x og y ikkje bør vere ein del av matematikken? Ikkje stopp å les, men bli heller med inn i matematikktimen til 10.klasse. Dei øver på korleis dei kan bruke matematikk til å beskrive praktiske problem. Altså lage modellar, og anvende dei.

 

Kva ville du gjort?

 

Vi vart inspirert av barneskulen sin bruk av stasjonar i undervisninga og lagde våre eigne. 

 

Slik kan til dømes eit likningssett med fire ukjente sjå ut. Klarer du å finne svaret? Benjamin og Madelen fekk det til!

 

 

Det viser seg at leiker kan brukast til å lage likningar. Dermed fekk vi også øvd på omsetje mellom matematiske representasjonar og daglegspråket. Klarer du å sette opp eit likningsett av legklossar?

 

 

Problemløysing i matematikk handlar om at elevane utviklar ein metode for å løyse eit problem. 

 

På denne stasjonen fann vi ut at metoden må vere å kjøpe is for å sjå om teori og praksis stemmer.

 

El lita nøtt til slutt

Kor mange poeng gir ein gul stav?

 

Skrive av: Rannveig Noraberg