10. klasse er på klassetur i Spania. Les del 1 av reisebloggen her!


Reiseblogg – 10.klasse i Spania 2022

Del 1

Endeleg tok haustferien slutt, og ein gjeng med forventningsfulle 10.klassingar på Tryggheim Strand var beinklare for årets eventyr. Mandag kl 13.30 satt 8 elevar og to vaksne klar i eit lite SAS fly som skulle ta oss til København. Første etappe gjekk smertefritt og vi rakk å få i oss litt pizza i København, før neste fly tok oss til Alicante, Spania. Det var mørkt då vi kom fram, men temperaturen vitna om at no var vi ikkje lenger på Tau.

Det var ikkje feil å vakne til 25 grader og spise frukost i soloppgang i hagen på Centro Sarepta i dag. Vi fekk ei morgonsamling med spansk song før Konrad Fjell hadde ein Bibeltime med oss om sentrale moment i kristen tru, om kvifor vi treng Jesus. Etter eit friminutt ved bassengkanten var vi klare for ein time om Spania, om kultur, geografi, religion og natur, og vi lærte å seie “muchas gracias”. No var vi klare for livet i Albir. 

 

Etter ei skriveøkt i engelsk og lunsj i hagen var det klart for dagens utflukt: Faro del Albir. Eit fyrtårn på toppen av klippen ved innfarten til Alteabukta. I eit forrykande tempo satte elevane av garde i steikande sol, men med sekken full av vatn frå den lokale supermarknaden. Her mangla det heller ikkje på #instamoments. Vi kunne sjå til verdas ende på den eine kanten og til dagens ende på den andre kanten, som var den fantastiske rullesteinstranda i Albir. Det var nok derfor tempoet var relativt høgt også på veg ned, for den turkise sjøen bare venta på at Tryggheim Strand elevar skulle hoppe uti. Vi møtte til og med kjenningar frå Fiskå på stranda, så då hadde vi både ekstra badevaktar og nokon til å passe på sekkane, når vi alle ti hoppa uti bølgene og leika oss. 

Eit par gullklokker, solbriller og droner seinare var vi i bilane på veg heim for å spise middag. “Muy rico” kunne vi seie til kokka på kjøkkenet, før vi hoppa uti bassenget for å lære endå meir om oppdrift. 

 

I kveldssamlinga vår undra vi oss kring tema “Eg trur eg trur”, -kva vil det seie å vere ein kristen? Og kven trur eg at Jesus er? 

 

Kvelden var endå ung og for at ingen skulle lengte heim drog Rannveig fram google maps og kjørte til næraste KFC slik at alle kunne legge seg mette og gode og vere klare for nye eventyr i morgon. Følg med!