Eit lite glimt frå kvardagen


Kva var det? Eg stoggar opp og lyttar. Legg hovudet på skakke og held pusten ein augneblink. Ja, det var det eg tenkte. Lyden av boomwhackers i hendene på ivrige elevar trengjer så vidt gjennom som svake, dansande lydbølgjer frå musikkrommet. Eg står i aulaen, hjartet av bygget og blir slått av kor godt det er å vera i akkurat dette rommet. Dei store trappenivåa, spilene på veggane, fargane i rommet, akustikken. Alt er med på å skape ei god, roleg og behageleg atmosfære. Så heldige me er, tenkjer eg, og tek dei to siste trinna i eitt byks. Heldige som får ha vårt eige bygg. Som får vera plasserte midt i sentrum av Tau. Som får ha så mange fantastiske elevar, kvar med sine gåver, evner og særpreg. Som får ha så engasjerte og brennande tilsette. Som får lov til å dele livet med kvarandre 5 dagar i veka. Heldige som får ha ein open himmel over oss. Heldige som får lov til å gje kvarandre nokre glimt av Himmelen i kvardagen. Ikkje i form av perfekte planar, timar, elevar og tilsette eller i form av perfekte liv. Men i form av at vi får lov til å formidle trua på Han som har fått det til, og som møter oss kvar dag med nåde, omsorg og kjærleik. Jo, me er verkeleg heldige, tenkjer eg, og kastar eit blikk til høgre inn i kantina.

Nett no er det ingen her. Men lunsjen er nettopp over, og summinga av barne- og ungdomsstemmer heng liksom litt att i veggene frå 1.-7. klassingane som var her i stad. Nokre våte striper etter fillene ordenselevane har tørka av borda med er framleis synlege. Det er flott å kunne ha måltida i lag. Samtalen flyt liksom så mykje betre med maten i handa og ein blir kjende på ein annan måte enn i klasserommet. I morgon skal eg setje meg med nokre elevar eg ikkje har snakka så mykje med ennå. Eg gler meg til å høyre kva dei er opptekne av, anna enn naturfag, matte, norsk og engelsk. Eg passerer naturfagsrommet på veg inn til kunst- og handverksdelen av bygget. Pusselydane høyrest godt i det eg opnar døra. Det er valfag – praktisk håndtverksfag – og ei gruppe elevar er ivrig opptekne med å pusse grønlandsårene dei snart er ferdige med. Etter haustferien skal dei smi knivblad, fortel dei meg. I ei ekte smie. Elevane som fortel om det, gler seg tydeleg. Det er godt å gjere noko praktisk, sjøl om ikkje alt i skulen kan vera slik. Me skal utruste både praktikarane og teoretikarane med den kunnskapen dei treng i livet. Lære dei å lære. Lære dei å bruke kunnskapen i nye samanhengar. Stort ansvar, tenkjer eg, og kjenner at skuldrene heiser seg litt. Greier me det? Eg håpar det. Og trur det.

Nedover i gangen der 1.-6. har sine klasserom sit det elevar i nesten alle sitjenisjene. Nokre les stille, andre samtalar om noko dei har lese, og nokre om kva som hende då dei gjekk tur med hunden i går. Nokre smiler til meg, eller ropar eit «hei». Ein tilsett har ein litt alvorleg samtale med ein elev i den eine enden av formidlingssona. Eg høyrer ikkje kva dei snakkar om, men ser det på kroppsspråket. Her var det visst behov for ein liten timeout. Eg veit kva samtalen vil ende med. Ein ny sjanse, ny start, me prøver på nytt. Er det ikkje det mykje handlar om – prøve på nytt når noko ikkje gjekk? Eg passerer 6. klasse sitt klasserom med elevar i konsentrasjon over matteboka. Nedst i gangen når eg målet mitt. Lager 4. Eg skal berre hente noko utstyr. Flott, eigentleg, å måtte gå eit stykke for å få tak i ting. Ein oppdagar så mykje då.