Alle har ei psykisk helse


I haustferien, 10. oktober, var verdsdagen for psykisk helse. Onsdag markerte ungdomsskulen på Tryggheim dette. Å ha det vondt inni seg kan vere like vondt som å ha fysiske smerter, men så mykje vanskelegare å snakke om. Ein dag med dette er difor så viktig!

– Korleis vere oppmerksam og tilstades for andre?
– Korleis vere ein god og lyttande ven?
– Korleis ynskjer eg å bli møtt når eg ikkje har det bra?
– Korleis spørje og vise interesse for andre?

Dette var måla for dagen, og elevane fekk blant anna prøve seg på ulike utfordringar og oppgåver. Dei tenkte blant anna rundt korleis det har vore for dei under nedstengningar i samfunnet og stengt skule. Kva sit vi igjen med etter dette? Korleis hadde vi det då? Og kva gjorde vi eigentleg på?

Elevane kom fram til at det under desse månadane har vore ekstra viktig å ha nokon nære rundt seg, og som klassekameratar har vi eit ekstra ansvar for kvarandre. Dette jobbar vi med på Tryggheim heile tida i kvardagen. Kva kan klassen gjere for at alle skal ha det litt betre? Omsorg, inkludering, bry seg og sei var hei var ting som gjekk igjen.

Alle elevane fekk i oppgåve å skrive eit kompliment til alle i klassen sin. Der var mange ekte smil å sjå når dei fekk lese alle komplimenta om seg sjølv som klassekameratar hadde gitt dei.

Dagen vart avslutta med ein god lunsj i kantina vår.