5. klasse på besøk i den nye kyrkja på Tau og den gamle kyrkja i Årdal


Skulen vår er næraste nabo til den nye kyrkja på Tau som opna 12. september i haust. 

Veka etter opninga var me på besøk i kyrkja og fekk omvisning av administrasjonsleiar Liv Åse Gaard.  Ho fortalde oss om kyrkja,  møblane og  den flotte altertavla. Elevane fekk studere kyrkjekunsten på nært hald, både den på veggen opp mot skulen og den fine døypefonten.

Veka etter tok me turen til Årdal gamle kyrkje. Me lærte at denne kyrkja vart bygd rundt 1620 og er ei av dei eldste trekyrkjene i landet. Det var spennande å gå inn og studere dei gamle møblane og kunsten på taket og veggane.

I kristendomsfaget på Tryggheim Strand er eit par av kjerneelementa knytt til kyrkjehistorie og estetiske uttrykk og kunst i kyrkjebygg. 

Me er heldige som har både nye og gamle kyrkjer i nærmiljøet vårt som me kan besøke og utforske. På 5. trinn har me fått lære om  korleis religion og kristendom inngår i historiske prosessar og korleis den heng saman med kulturarv og endringar i samfunnet vårt.