Les siste del av reisebloggen frå 10. klasse på tur


Reisebloggen 2021 del 4

Torsdagen kom, sola skein, fuglane kvitra og det var heilt stille i huset. Sengene på hotellet var det ikkje noko å seie på, og Olav var starstruckt av å ha sove på samme rom som Knut Hamsun. Ein etter ein kom vi tuslande ned, og det viste seg at Rakel hadde tatt ansvar for at frukosten stod klar klokka 09.00. 

 

Mat og drikke var lurt, for Rannveig hadde store planar for dagens kroppsøvingstimar. Treungen sin stolthet, Skuggenatten var dagens mål. 25 grader, sol og ikkje ei sky på himmelen gjorde sitt til at denne toppturen vart uforgløymeleg. Halvvegs opp i første bakken lurte vi på kor det vart av Olav. Vi snur oss og trur nesten ikkje det vi ser. Forbildet vårt og mannen som hadde motivasjonstale før turen, kjem forbi på ein sekshjuling, vinker og seier han møter oss på toppen av bakken. Nei, då vart vi slått ut, men sjølvsagt kom vi fram til at han fortente den hjelpa han kunne få opp dei bratte svaberga… Vi vart varme, sveitte, og gjekk nesten tom for drikke, men alt var verdt det når vi etter 3,5 km nådde toppen og kunne sjå heile vakre Nissedal. 

 

 

 

Vi fikk med oss Olav heilskinna ned igjen, kjørte “heim” og slengte oss ned i hagen. Her låg vi ikkje lenge før vi fann ut av vi ville på nye eventyr. Ein time seinare satt vi i bussen på veg til dei magiske jettegryter Rannveig hadde snakka om. Etter 20 minutters vandring gjennom skogen, til song frå Ivar, kom det til syne eit paradis av vatn og fjell. Her var eit naturleg badeland med sklier, hoppestader, basseng og varme svaberg. Å du, som vi koste oss. 8-10 meters hopp er ikkje noko problem for denne gjengen her. Etter kvart begynte magen å rumle og vi rusla tilbake til bussen.

Einstemmig bestemte vi oss for å ha pizzakveld. Rannveig og Rakel diska som vanlig opp med det beste dei kunne tilby, noko for ein kvar smak. Dei andre dekte bord, og lagte feststemning i hagen. 5 pizzaer viste seg å vere meir enn nok, men no har vi òg litt til frukost i morgon. Rannveig klarte til og med å snike inn litt norsk i kveld, medan ho og Olav tok oppvasken. Vi har lese tekstar og reflektert (trur vi) og lagt talenotat, som norsklærar Ingibjørg kan kose seg med. Tema på kveldsamlinga i kveld var “korleis snakke sant om Gud og livet”, -kva vil det seie å vere ein kristen. Jammen fikk vi til å reflektere der óg.

Vi er klare for å komme heim til “våre”, som sikkert no saknar oss veldig, men vi kunne vore på tur i eit par veker til. I morgon ventar ein kjekk busstur heim. Vi kjører via Lyngdal og gler oss til å reflektere over turen og alle dei fantastiske opplevingane vi har fått denne veka. 10.klasse 21/22 takkar for seg i denne bloggen og vi gler oss til å sjå alle igjen!