Les om dag 3 av 10. klasse sin tur til Evje/Treungen


Hei Bloggen,

Dag 3 av Klassetur til Evje/Treungen.

I dag våkna me klokka åtte, til fin, varm og sunn morgonsol. Me pakka oss ut tidleg, gjekk til frukost før turen vidare gjekk til raft. ing. Etter at vi hadde dratt på oss våtdrakt, våtsko, termojakke, redningsvest og hjelm var vi superklar for å rafte. Me delte oss inn i to team og fekk kvar vår guide. Dei to guidene besto av Tim og Tom. To gonger dreiv vi nedover elva på “white water”. Andre gongen fekk me hoppe fra ein to meter høg stein og måtte drive med strømmen… til enkelte måtte bli fiska opp med lina. 

Etter raftinnga slang me oss inn i minibussen nybada og klar for Treungen. Alle var spente på å sjå det store fine familiehotellet til Rannveig, og halv tre var vi der. Alle vart plasssert på rom frå 1 – 7 i 2.etg. Me fann kjapt ut at me ville ha taco til middag. Alle ville jo vera med når Rannveig trengte hjelp på butikken. Dessverre for oss bomma me litt på val av lefser og fekk ein 12 pakning full i mugg. Sander, så beskjeden som han er, kasta på seg sko og genser og gjekk for og få ein ny. Etter ein god middag og dessert som besto av is og kaffi; tok me turen ned til stranda for å bade. Me pumpa opp badedyra, men fann kjapt ut at brua var ein fin hoppeplass. Det var Astrid og Bente Marie som tok med seg klassen for å hoppe. Olav var badevakt.

Etter ein god kaffipause fann me kjapt ut at me ville ha litt gymnastikk. Gymnastikken besto av volleyball og kos. Etterpå var det ein usosial gjeng som fann ut at fjernsynet fungerte. Resten av kvelden besto av kveldsamling og historietime om Tveitsund Turisthotel og høgtlesing frå “Sult”, men då hadde dei fleste slokna på sofaen. Følg med i morgon for meir spenning frå Treungen!