10. klasse på tur. Les reisebloggen del 2


Reisebloggen 2021 del 2

I dag tok Aida ansvar for vekking. Kl. 8.30 ringte klokka. Litt tomme i blikket vandra vi over tunet klokka 09.00. Då vart det servert frukost med varmt brød, og vi fikk smurt oss nistepakke for å vere heilt klare for ein actionfylt dag her på TrollAktiv. Etter nokre funfacts av Ivar og Sander var klokka blitt 10.00 og Katja henta oss for å ta oss med opp i høgda. Vi vart fort proffe på sikring og ziplinar, og etter eit par rundar i dei grønne løypene var vi klare for å avansere. Så var det berre å sleppe seg laust gjennom tau-banar, klatre-stigar og ziplinar. For nokon vart også dette for lett, så dei fekk ein ekstra challenge av Katja og måtte ta den svarte løypa i blinde. Då vart det litt kø, men absolutt verdt å vente med tanke på korleis det såg ut med “blindebukk” i klatrestigane. 

Ei banan og ein cola seinare kom neste post på programmet. Me var klare for lazertag. Her skulle vi visst “kille” kvarandre. Dette var ikkje heilt gjennomtenkt når me booka aktivitetane, og me kom i tvil om dette var innafor på ein skuletur for ungdom frå kristen friskule. Men ungdommen var gira, og me kom til at det er jo berre ein leik, og uskyldig konkurranse.

Det viste seg utover i kampen mellom raudt og blått lag, at den som var mest skeptisk til om dette var ok, var samstundes den som var beste å “treffe blink”. Ho skaut berre folk i foten, sa ho……

Men dette var veldig kjekke timar, og veldig god treningsøkt. Alle sprang, skaut, og fann dekning som best dei kunne. Og det gjekk ei kule varmt, då Ivar drog hetta over lazertaggen sin fordi han var lei av å bli skoten. Konkurranseinstinktet kom fram i gjengen denne ettermiddagen, og det var stor glede for det sigrande laget, og tilsvarande stor frustrasjon for taparane.

Me fekk seinare ein god middag, chili con carne, og sjokolademousse og brownie til dessert. Guiden vår Katja overraska oss med varm sjokolade, fordi me var så flinke i klatreløypene. 

Måtte og ein liten svipptur til Evje sentrum for å kjøpe litt snop og sokkar. Det går meir sokkar enn ein trur på ein slik skuletur som dette.

Hadde til sist ein fin samling i stova med heile gjengen, unntagen Tormod som var reist på saueklyppingskurs. Snakka saman om det å være nøgd med seg sjølve og kroppen me har fått utdelt. Og at verdien vår er lik anten me ser slik eller slik ut.