10. klasse er på tur denne veka. Les første del av reisebloggen her!


Reisebloggen 2021 del 1

Årets 10.klassetur er endeleg i gong og vi er beinklar for ei veke med fart og spenning. Med alle mann ombord i bussen vår 09.00 var vi klare for Evje, med Olav som sjåfør. Vi tok ein liten sightseeing på Tonstad og fekk med oss bakeriet og nærbutikken før vi var på hjul igjen.

 

13.26 rulla vi inn på TrollAktiv og møtte på Zach som var klar med hus nr. 23 til oss. Vi installerte oss, jakta på dyner, slengte i oss nokre rundstykke frå Tonstad Bakeri og var snart klare for å byggja team med Katja frå Patagonia. Her vart det også moglegheiter til å praktisere spansken, men der kom vi litt til kort.

 

Etter ein runde med sheriff, skulle vi vise “skillsa” våre i legobygging. Ulempen var at legoklossar og figuren vi skulle bygge var 10 meter opp ein fjellvegg, og berre ein legokloss kunne komme ned pr person som klatra opp. Alle kom opp og alle kom ned. Vi var rå på teambuilding, også når vi skulle frakte golfballar gjennom skogen med takrenner

, og fylle vatn i røyr som det var hôl i. Kliss våte og god stemning. 18.15 hadde vi tørka og satt klare i matsalen. Der vart det servert nydeleg pizza, og enkelte var så sultne etter teambuldinga at dei slukte 15 pizzastykker. Så trur vi at vi fekk frossen sjokoladepudding til dessert, veldig interessant…

 

No har vi grust Dysjaland ungdomsskule i beachvolly og roer ned i huset vårt med ei lita kveldssamling. Kveldens tema: “Eg deler, derfor er eg”, om sosiale medier og kva dei gjer med oss, og korleis salme 139 kjem inn i bildet.

 

God stemning og påfyll med funfacts, trøtte men heilt klar for at dette eventyret skal fortsetja. Følg med…