Samanes dag


Sundag 6. februar var det nasjonaldagen for samane. Det markerte me i 1.-2. klasse med å lære om samane på uteskuledagen. Her finn du nokre bildeglimt, samt ein liten video som gir ein stemningsrapport frå dagen. Me starta inne, og lærte litt om historien til samane, litt om det som var vondt i historien, og litt om korleis det kan være å være same i dag. Me lærte oss “Bæ, bæ lille lam” på nord-samisk. De kan prøva sjølv med denne videoen frå YouTube

Etterpå gjekk me ut og prøvde oss på ein Mesternes mester-inspiret oppgåve der dei skulle finne flagg pluss reinsdyr minus lavvo. Akkurat som på TV var det ein krevjande øvelse, men elevane meistra det til slutt. Me smakte på reinsdyrskjøtt som me steikte sjølv, og me kasta med lasso. Til slutt kåra me ein vinnar frå Mesternes mester-oppgåva og lassokastinga, og vinnarlaget fekk tre sjokoladebitar, medan dei andre fekk to. På sjokoladen kunne me lære oss litt samisk.

 

Video (obs: høg lyd)

 

Mesternes mester-oppgåva

Reinsdyrskjøtt