Reiseblogg frå den norske fjellheimen


Så var det tid for 10 kl tur for årets kull på Tryggheim Strand.

I koronaåret 2020, gjekk turen til Hallingskarvet og Hermon høyfjellshotell, istedet for Spania.

Forventningar og humøret var på topp då me starta frå skulen kl 10 søndag morgon.

Lærar Solveig trødde alle inn i ein 17 seter Mercedes Sprinter og kjørte oss med stoisk ro og sikkert gjennom Suldal, Bratlandsdalen, Røldal, over den smale brua mellom Seljestad og Låtefoss, opp Måbødalen og over Hardangervidda.

Med nyinnkjøpt høgtalar av elevane sjølve, var det høg musikk og mykje sang på vegen.

Vel installert på Hermon fekk med kokt laks med nydeleg saus og dronning Maud til dessert. Den var betre enn mor sin, sa jamvel ein av elevane. Skal ikkje nevna kven ?

Me var trøytte etter den lange bilturen, men hadde likevel ein samling i stova på hotellet vårt i skibyen til Andreas Håtveit.

God stemning og topp ungdom. Me ser fram til gilde dagar her oppe på høgfjellet.

God natt?