Mandag 14. september


I dag starta dagen vår med ein andakt av Solveig før me gjekk opp i matsalen til frokost. Der venta det oss mykje god mat. Når alle vart mette gjekk me ned, og då starta skuledagen. Skuledagen byrja med norsk, der leste vi litt av boka “gutten i den stripete pysjamasen”. 

Deretter stod naturfag på planen, der lærte me om rødlista og fekk bli betre kjent med området rundt Hallingskarvet og Lordehytta. I slutten av skuledagen hadde vi litt øving i bruk av kart og kompass. 

 

Når skuledagen vert ferdig har det gått i tennis, frisbeegolf der Emil stakk av med seieren, blåbærspising og bading i badehallen før me klokka 19.00 fekk storfekjøtt, poteter og grønnsaker til middag. Til dessert blei det ein herleg banankrem. Når me kom heim blei det fort kveld, me måtte jo setta i gong med avisleiken, kviskreleiken og grip mikrofonen.

Det blei kanskje ikkje Spania på oss, men det er ingen tvil om at dette er ein klassetur me seint vil gløyma.