Papirflykonkurranse i 1. og 2. klasse


I 1. og 2. klasse laga vi papirfly då 1.klasse lærte å skrive  f- bokstaven. Det var gøy  å bretta papirfly! Vi bretta flyet steg for steg ved å følgje instruksjon på film. Vi brukte ei skei til å pressa fine skarpe kantar på flyet.Då flya var ferdig bretta skreiv vi namna våre på flyet.  Vi målte  kor langt klasserommet var på langsida ved å måle med ein linjal som var 1 meter lang. Klasserommet var over 9 meter  langt, og vi markerte kvar meter med ein lapp der det stod eit tal som viste kor langt det var i avstand frå døra. Det var spennande å ha flykonkurranse og alle elevane fekk prøve nokre gonger kvar. Etter kvart kast noterte eleven lengda i eit skjema.  Flya flaug fint og langt!