No kriblar det i magen – snart står nybygget klart!


1. juni hadde me besøksdag på Tryggheim. Nye elevar til neste skuleår fekk kome på besøk for å møte klassen og sjå skulen. For mange av dei «gamle» elevane var dette òg første gongen dei var inne i den nye skulebygget og augene vart store hjå meir enn ein.  I bygga me er i no står flyttekassane stabla mange stader, nokre har hovudet meir i nytt bygg enn i det gamle, og kriblinga i magen kjennest nok både hjå vaksne og born. Tenk at me snart skal ta i bruk det store bygget me har sett reise seg over lang tid no! Faktisk er det berre to veker att i lokala me har no, og det byrjar å gå opp for oss at det faktisk er sant at me får vårt eige bygg. Her fylgjer nokre ferske bilete over korleis det ser ut i nybygget no. Etter planen skal heile bygget vera klart i midten av juni. Me vil òg nytte høvet til å rette ein stor takk til alle som har delteke i det store dugnadsarbeidet som har føregått på uteområdet. Utan den flotte gjengen som har stilt opp her hadde ikkje dette vore mogleg. Laurdag 12. juni blir det storstilt flyttedugnad, der alt av pultar, stolar, skåp og andre møblar blir flytta. Still gjerne opp om du har høve til å vera med!