Karneval i 1.-7. klasse 🎉🎉🎉


I år har me hatt karneval for 1.-7. klasse, og det var ein ordentlig suksess. Store og små kom på skulen, utkledd i alt frå pappesker til 80-talsboms med hockeysveis og andre flotte karakterar. Me starta dagen i aulaen med ein andakt (av Super Mario), før me sang nokre songar, først eit par songar om Jesus, og så ein løyen klovnesong 😅 

Dagen var fylt med program frå start til slutt. Me har hatt karnevalstikkball og limbo i gymsalen, kreativ utfalding på Kunst- og handtverksrommet og konstruksjon av tårn i klasserom. Til lunsj fekk me servert pølser, og alle borna fekk også ein is når me gjekk til friminutt. Og ikkje nok med det; i friminuttet hadde Sonja og Berit Karin med seg to pinjata ut, som var fylte med snop!! Ja, dette var ein kjekk dag 😄😄