Tur til vitenfabrikken

20180419_112616kopi
Torsdag forrige veke var det langtur for 1.-4. klasse. Me tok turen til vitenfabrikken i Sandnes heile dagen. Der var vi med på eit tverrfagleg undervisningsopplegg om væsker og fargeblanding. Me fekk og tid til å utforske utstillingane og installasjonane.

I undervisningsopplegget me var med på, eksperimenterte me med fargar og ulike blandingar med sukker og vatn. Me fekk på oss laboratoriefrakkar lærte namn på ulike laboratorieutstyr. Målet var å få til ein regnboge i eit reagensrør, og det var kjempespennande å sjå når me hadde fargane over kvarandre med pipetten. Her var det mange engasjerte elevar og ulike resultat.
Nokre av spørsmåla me måtte tenke over var:

  • Kan vatn ligge ilag?
  • Kva skjer når me blandar sukker og vatn?
  • Kvifor legg fargane seg opp på kvarandre?
  • Kva skjer når fargane blir blanda?

 

  • received_10156075615190853
  • received_10156075614825853
  • kopi

Både før og etter undervisningsopplegget fekk me prøve dei ulike installasjonane på vitenfabrikken.  Der var det noko for ei kvar interesse. Det var veldig lærerikt å få eigne erfaringar naturvitenskap, fysikk og teknologi.

Nokre syns det var mest interessant å sjå korleis det vart lys i husa når me fekk i gang vannhjula, imens andre likte best plasmakula. Kvifor lyser lysrøyret når me held ei hand på kula og ei hand på lysrøyret?

Me fekk og prøve ei havnekran, produsere koppar i fabrikken og mange andre ting. Her skulle me helst ha vore fleire dagar. Dette var veldig lærerikt!

  • 20180419_101914
  • received_10156556622366282
  • received_10156075614950853
  • 20180419_102231