Tirsdag, 15. September


Tirsdag, 15. september var ein litt grå dag med ein del regn. Vi starta dag nr. 2 på Hermon med ein andakt, før me gjekk til matsalen for å ete frukost. 

Då vi kom tilbake til Skibyen Hotell, der vi bur, hadde me litt skule. Vi starta med samfunnsfag, der vi øver til fagsamtale om demografi. Engelsk hadde vi etterpå, der vi skriv dagbok om korleis vi har det her på Hermon. 

Etter at skuledagen vår var ferdig, satt me oss inn i minibussen og kjørte avgårde til Geilo sentrum. Vi gjekk rundt i forskjellige butikkar, men kjøpte for det meste snop, nudler og til og med barnevennlig champagne!

Seinare på dagen gjekk nokon av oss i badelandet, og etter det åt vi middag. Til middag fekk vi kylling, karrisaus, ris og salat. Til dessert fekk me fruktsalat med krem. Både middagen og desserten smakte kjempegodt! 

Akkurat som i går kveld, hadde me leker i stova som blunkeleken og avisleken. Det var ein veldig morsom og kjekk avslutning på dagen!