Takk for i år!


Då var endå eit skuleår gått. Elevane har tatt sommarferie, og me har snudd nasen mot neste år med nye klassar og nye klasserom. Det har våre eit år lik andre år med både læringsmål og julespel, sosiale happeningar og avslutningsfest for årets 10. trinn. Likevel vart det ikkje eit år slik me hadde planlagt. Det kom ein ball med piggar, og våren vart litt annleis skulekvardag. Likevel har me gjort mykje i vår som me vil dele, både av fagleg påfyll og sosial læring.

Brubygging & sløyd

3.-4. klasse har i år lært mykje om konstruksjonar og bruer. På tampen av året har me holdt på ute og laga eiga hengebru og taustige. Det har vore eit tverrfagleg prosjekt der me har brukt matte, naturfag og k&h timar. Me har saga ned ungtrea og barka dei, målt opp i like lengder med lik diameter, bora hol, tredd på tau og lært å knyte. Det vart ei skikkeleg samarbeidsoppgåve. Me gler oss til å henge det opp i skogen til hausten!

Overnattingsturar

Me har vore veldig heldig med veret no i Mai, og nesten samtlige klassar har vore på overnattingstur. Me ser at elevane har det kjekt saman, bygger relasjonar og legg eit godt grunnlag for eit godt læringsmiljø.  

 

1.-2. trinn

1. og 2. klasse brukte siste skuledag til å forske i ferskvatnet ved Stemmen. Dei har blitt ekspertar på dyreliv i ferskvatn denne våren.  Dei studerte blandt anna vannløper, vannmidd og  livssyklusen til augestikkaren. Dei lærte og om lauvtre og studert forskjellar på dei ulike lauvtrea.

Segltur og avslutning i Mølleparken

7. trinn har vore så heldig å få vore med på seilas. Dette var knallkjekt for alle saman! 

Vitnemålsfest

Atter ein gong må me seie adjø til ein fantastisk gjeng med 10. klassingar. Torsdag var det ein flott vitnemålsfest med avgangselevane, foreldre og lærarar. Det vart ei fin avslu tning med talar og song, både frå ansatte og elevane sjølv.  Me er takknemlege for å ha blitt kjendt med denne flotte gjengen og ønskjer dei lykke til vidare til hausten!