Reisen til Spania 10. klasse hausten 2019


Reiseblogg del 1

Finally – Då var dagen her då eventyret om Spania endeleg skulle starta. «Gutten i den stripete pyjamasen» på plass i kofferten saman med badebukse, chromebook og pass. No var vi beinklar.
Flyturen vart nytta til det fulle. Her var det lesing på høgt nivå, og soving på enda høgare nivå. Varmen slo mot oss då vi kom ut av flyet, og det var berre å pøse på med drikke  før vi gjekk i bakken… Vi fikk til og med ordna det slik, etter nokre telefonar, at alle til slutt hadde med seg sin egen koffert ut av flyplassen. 🙂
To glis av nokre bilar stod å venta på oss, og vi cruste opp costa Blanca til Alfaz Del Pi, og Centro Sarepta. Her fann vi relativt fort ut av vi kom til å trivast. Med wifien på plass lyste bassenget mot oss, og etter ein herleg middag var det på tide å prøve det ut. 26 grader i vatnet var ikkje feil, og vi «blæsta» kvarandre til det vart mørkt og himmelen vart lyst opp av lyn og torden. Vi fekk til og med tid til kveldssamling og tema «ærlege vener», verdien av eit fellesskap der vi kan vere oss sjølve.
For ein start.
Men vi har allereie komt til dag 2 av dette eventyret. 9 morgonfriske elevar var klare til frukost 08.30 etter mange timars søvn…
09.15 var i hvertfall alle på plass i klasserommet. Tema var samfinnsfag og vi vekk ein dobbeltime med undervisning om Spania og området her. Då var det berre å notere flittig, for Rannveig skulle ha oss til å lafe Flip Grid om land og styresett, kultur, religion og omveltingar for lokalbefolkninga her.  Filmane vart innhaldsrike og vi gler oss til å vise dei til samfunnsfaglærar når vi kjem heim!

Etter lunsj bar det avstad til Villa Joyosa. Då tenkjer vi at biletene snakkar for seg sjølv, for her var det heeeerleg, og fotoshoot var ei nødvendigheit på denne plassen. Etter ein seriøs beachvolleykamp, der jentene vann is, frista den deilege sjøen. Vi måtte likevel ha litt snash først. Badeartiklar, stråhatt og nokre digge solbriller. Livsmestring på beachen der altså.
Det var til slutt omvisning på sjokoladefabrikken Valor. Tenk 2500 sjokoladekuler i minuttet såg vi bli produsert der!

Skulle tru dagen var slutt der, men jammen har vi fått tid til middag, bading, oppdateringar på snap, kveldssamling, Mc Donalds og landskamp. Tema på kveldssamling i dag var «Eg deler, derfor er eg», om at vi er pålogga på sosiale medium, at vi føler oss verdifulle med mange «likes» og at vi sjelden er «åleine». Det var faktisk lenge sidan vi hadde vore aleine med tankane våre uten mobil, musikk eller spel. Så då tok vi 4 minutt i kveld. 🙂
VI berre gler oss til  morgon, då blir det klatrepark!! Følg med…