Reiseblogg del 4 – siste del


I dag var det ein seig morgon. Vår siste heile dag i Spania, og me merkar det på humøret kan du sei. Etter litt tid på overtid var alle 11 på plass rundt bordet til ein digg frukost. Tenk å vakne opp til 22 grader og sol!

Matlysten var ikkje heilt på plass, men dgb. Me blæsta skuletimen med videomaking der me oppsummerte denne vidunderlege opplevinga. I kristendomstimen i dag fekk me høyre om bakgrunnen til songen «I have decided to follow Jesus», og så lærte me om arvelov og testamenter.  Vi har faktisk plikt til å informere alle som arvar noko saman med oss. Vi har fått eit nytt testamente, og me forstår derfor kva misjon handlar om. 🙂

Men no var me klare for spansk kultur og markedsdag i Alfaz del Pi. No skulle me vise Rannveig at me hadde lært noko i mattetimen likevel. På markedet bugna det av lukter, blomar, frukt, airpods og undertøy. Alt på ein plass! Her fekk me gjort nokre kupp. Ein av to airpods virka i hvertfall! Me vandra vidare til supermarcadoen. Rannveig grabba ei handlevogn og me la oppi det me ville ha til lunsj. Ho hadde jo fått med seg eit gullkort. 🙂

Under lunsjen i parken drog jammen gutta boys opp 5 korssmykker. Dei har blitt så glade i jentene sine, og hadde gjort eit kupp på merkedet. Jentene fekk kvart sitt smykke, smelta totalt og gjekk rett i bakken.

Me slengte oss inn i bilane, og skrensa mot det store kjøpesenteret. Me tura inn og såg ekstremt mange store butikkar med billige ting me hadde lyst på, men ikkje trengte. Den desidert beste «moneywasten» gjekk til han som kjøpte seg cookiemonster full bodysuite.

Etter timar med vandring rundt på senteret, fann me oss eit bord ute på rettassen. Der åt me eit stort og godt måltid underholdt av eit prinsesseshow.

Me tura heim til leiren, slengte oss i bassenget og fyrte laust med stuping. No har me nytt kvelden ute og leika 4 mann i sofaen, men det vart 4 jenter kvar gong. 🙂

Skulle tru det no var vemod i leiren, då me skal heim i morgon, men stemninga i denne klassen er alltid på topp. Me saknar sjølvsagt alle dei som følgjer med oss der heime, og i natt kjem me altså. Be ready! Me skal nok få blæsta ei strand før flyet går, men no takkar me for oss. Denne turen har vore uforgløymeleg. Takk for oss Centro Sarepta, Costa Blanca, Spania! Gracias. 🙂