Mat og helse på småtrinnet


Har du lurt på kva som skjer dersom du slepp laus 14 1.-2. klassingar på kjøkkenet? Det testa me ut på torsdag, og det vart ein kjempesuksess!

Elevane vart delt inn i 4 grupper og fekk utdelt en pakke tomatsuppe kvar. Dei skulle samarbeide, sjølv lese oppskrifta på tomatsuppepakken og lage suppa mest mogleg åleine.   Oppgåva vart tatt i mot av strålande jubel og gruppene satte igang. Nokre byrja med å lese på pakningen først, imens andre fann fram den store bålgryta me pleier å bruke på uteskulen. Andre fann fram ei mugge for å måle opp vatn som dei skulle tøme i litermålet, men fann fort ut at det gjekk at å tøme rett i litermålet med ein gong.

Det var mykje utforskande læring og saman på gruppene var dei gode til å ressonere seg fram til kva for visp som var lurast, kva for gryte som var best og det å dekke på bordet.  Den største utfordringa var å lese på pakningen korleis det skulle  gjerast, og å måle opp 9 dl vatn og 1 dl melk når det største talet på litermålet var 0,5. Det var ein kjekke time med både kamuflert norsk og matte. 

Tomatsuppa åt me i leireskåler laga i kunst og handverkstimane.  Etterpå var alle sjølvsagt deltakande i både oppvask og rydding av matsalen.

  • 20180614_124203
  • 20180614_124834
  • 20180614_124211
  • 20180614_124548kopi
  • 20180614_132607
  • 20180614_133010