Ledige stillingar!


Tryggheim Strand er i vekst, no treng vi fleire lærarar!

Tryggheim Strand er ein kristen barne- og ungdomsskule på Tau i Strand kommune. Nytt skulebygg står klart før sommaren og vi aukar i elevtal frå hausten av.

På Tryggheim Strand er vi stolte av den dyktige og engasjerte gjengen som brenn for elevane våre! No treng vi fleire lærarar som kan vera med på å vidareutvikle skulen, fremje den kristne målsetjinga, vidareføre den faglege styrken vår, og vera med på å sjå og løfte elevane våre både fagleg og som menneske.

Vi har fleire ledige lærarstillingar frå august 2021, både fast stilling og vikariat.

Særleg aktuelle fag:

  • Spansk
  • Norsk
  • Naturfag
  • Spesialpedagogikk
  • Matematikk

Har du andre typar fag ynskjer me òg gjerne at du søkjer.

Arbeidsoppgåver og ansvarsområde:

  • undervisning i aktuelle fag
  • kontaktlæraransvar
  • andaktar for elevane

Kvalifikasjonar:

  • formelt kvalifisert for undervisning i grunnskule
  • den som vert tilsett må leggje fram politiattest

Vi kan tilby eit godt og inkluderande arbeidsmiljø som er prega av fokus på fagleg utvikling, arbeidsglede, kreativitet og gode verdiar.

Vi forutset at søkjar bekjenner den kristne trua og kan identifisere seg med formål og verdiar i samsvar med verdidokumentet for skular i NLM.

Søknad, CV og referansar sender du til brynhild.samuelsen@tryggheimstrand.no

For meir informasjon – kontakt rektor Brynhild Samuelsen, tlf. 404 93 554.

Søknadsfrist: 21. mars 2021

Oppstart: 1. august 2021