Godt nyttår!


Velkommen til skulestart i morgon 5. Januar. 

Skulane i Strand startar på raudt nivå og er det i første omgang fram til 18. januar. 

Me håpar alle har hatt ein fin ferie og ei god julefeiring!  Me gler oss til å starte opp igjen med eit nytt halvår sjølv om det blir litt annleis start enn me håpa på.

I samband med at me er på raudt nivå vil me informere om følgjande:

  • Me har delt opp uteområdet i soner der kvar kohort/klasse har sitt område. Elevane stiller opp i grupper om morgonen og blir henta inn av lærar. Elevane får informasjon om dette når dei kjem i morgon. I tillegg bed me om at dei som har høve til det kjem så nært til 08.30 som mogleg, slik at det er minst mogleg elevar ute i skulegarden om morgonen. 

  • Me bed om at føresette ikkje kjem inn på skuleområdet eller i skulebygga

  • Alle elevane må ha med seg sekk på skulen slik at dei kan ta med seg chromebook til og frå skulen kvar dag

  • Alle med symptom må halde seg heime. Dette gjeld sjølv om det berre er milde symptom

  • Raudt nivå betyr innskjerpa krav til avstand. Særleg i friminutta har me sett at dette kan vera utfordrande. Me bed om at de snakkar med borna dykkar om dette.

  • Det er sterkt anbefalt at elevar som tek offentleg transport (båt eller buss) nyttar munnbind (gjeld først og framst 7. klassingar og eldre). Eit munnbind skal berre nyttast ein gong. Det betyr at elevane treng to munnbind for kvar skuledag. 

  • Endring i undervisning:

    • Elevane kan ikkje bruke garderobane i aktivitetshuset. Før gymmen skiftar dei i klasserommet og dusjing må skje heime. Me har mest mogleg utegym, så alle elevar må ha med seg klede som passar til dette.

    • 9. klasse skal ha mat og helse heime. Det betyr at dei går heim frå skulen 11.30 på onsdagar.

    • Dersom elevar må i karantene vil dei få undervisningsopplegg og informasjon i classroom.