Elevane set sitt eige preg på uteområda


Denne veka har elevane i mellomtrinnet sett sitt eige preg på uteområda. «Rampå» har fått seg eit strøk maling av ivrige og stolte brukerar av ho, veggen bak sandkassen har fått ny farge, og «skogen» – det nye utvida leikeområdet til skulen, har for alvor blitt innteke av engasjerte og fantasirike born.

Eit tre vert ein benk, nokre greiner vert ein vegg i ei hytte, og nokre plantar vert sett i eit provisorisk bed. Og me må sei provisorisk, for du kan være viss om at eit hensynslaust trinn vil treffa midt i bedet i den aktive leiken som utfoldar seg i skogen. Men gjer det noko? Det kjem like fort opp att. I skogen er det plass for all leik og kreativitet på borna sine eigne premissar. Ingen som fortel borna – slik skal du leika og dette er reglane, nei i skogen er alt tilgjengelig omkring borna, og ikkje minst i borna.

Det manglar ikkje på entusiasme: "Me kan godt droppa friminuttet, og måla til dagen er slutt!"

Det manglar ikkje på entusiasme: «Me kan godt droppa friminuttet, og måla til dagen er slutt!»

Oversyn over skuleområdet (med markeringar)

Oversyn over skuleområdet