Ein ny start


No er vi endelig i gong med eit nytt skuleår. Mykje er nytt for mange, medan mange kjem tilbake og kjenner at noko er kjendt frå før. Me har 18 elevar som er heilt nye på skulen, tre av dei er førsteklassingar, og resten er fordelt på dei andre trinna. 

 

Skuleåret vart starta med ei felles samling i skulegården der Jo Sølve ynskte velkommen, og heldt ein kort appell. Der framheva han det å få ein ny start som ein viktig verdi på skulen. Han heldt fram at alle kjem til eit nytt skuleår, nokon til ein ny skule, og nokon begynner på skulen for første gong. Men han løfta det og fram som ein verdi i kvardagen; at alle som har gjort feil skal få ein ny start. 

 

Eg var med inn med 9. klasse, og der og blei dette lyfta opp som verdiar som me ynskjer å følgje. Der blei det sagt, både i andakten og ellers, at det er rom for å gjere tabbar, dårlege val og dumme ting, og når me gjer det skal me få ein moglegheit til å få gjere opp, og få starta på nytt. Dette kom også fram på ein god måte når me blei einige i 9. klasse om å be for dei som har tagga i gapahuken. Også dei må få ein ny start og ein ny sjanse. Dette med å få ein ny start ynskjer me skal få prege heile verksemda, på alle ledd. Her har alle rett på ein ny start. Og den som møter oss på den beste måten er Jesus. Dei som kjem til han får alltid ein ny start, sama kva dei har gjort. Og noko av det som me har fått kjenna på i møte med han vil me og prøve å gi vidare til dei rundt oss. 

 

This slideshow requires JavaScript.

 

Skrive av Ruben Fjell