Mobiltelefonen erstattar meldingsboka

Mobilskole TryggheimStrand

Tryggheim Strand vert no ein såkalla «Mobilskole». Det vil seie at vi tek i bruk tenesta som Mobilskole.no leverer.

Dette medfører at vi sluttar med meldingsbøker, og går over til SMS-baserte meldingar. Dette går kjappare, og er meir påliteleg.

For meir info om korleis du skal bruka tenesta kan du alltid gå i menyen, under «Lenker» og trykkja på «Mobilskole», så finn du alt du treng å vite. Evt skriv inn tryggheimstrand.no/mobilskole, så kjem du rett til informasjonen.

Kort sagt føregår det slik:

Send SMS med teksten TRYGGHEIM [KLASSETRINN] TEKST til 03686.

Til dømes sender du dette til 03686, om Marita går i fjerde klasse:
TRYGGHEIM 4 Marita har influensa og held senga idag. Med helsing Anne Grethe