Felles skulelunsj

Visste du at me har felles lunsj her på Tryggheim? Kvar dag?

Nokre ting her på skulen er litt annleis enn andre skular. Ein av dei tinga er lunsjen. I staden for at klassane tar med niste og et kvar for seg på klasseromma, har me felles lunsj heile skulen.
Elevane abonnerer på skulelusj og får servert mat kvar dag for ein liten sum. Dette er frivilleg, så ein kan og velje å ta med eiga niste heimanifrå.
Ein dag i veka er det varm lunsj, som for eksempel spaghetti eller fiskesuppe. Nokre meir populære enn andre. Dei andre dagane blir det servert brødmat, samt havregraut eller kornblanding ein gong i blant.
I lunsjen sitt både elevar og ansatte, og me et og pratar saman. Det er mange flotte samtalar og er gode stunder ilag. Me merker at det er verdifult for miljøet på skulen og det er veldig fint at me har dette ilag.