For tida har me her på Tryggheim eit ekstra fokus på å bry oss om, og sjå kvarandre. For å overraske og skape god stemning vart elevane idag møtt med musikk, tente lys og varm kakao før skulen starta.
![](http://www.tryggheimstrand.no/wp-content/uploads/2017/11/20171121_083053-1.jpg)
Heile skulen, både ansatte og elevar fekk ei hyggeleg stund saman før me kasta oss over dagens utfordringar og gleder. Det var mykje smil, latter og gode augneblink å sjå. Det er godt med ein slik start på dagen. Nokon mente også at dette var verdas beste dag. Før me gjekk til klassane avslutta me også med ei felles andakt.
![](http://www.tryggheimstrand.no/wp-content/uploads/2017/11/20171121_083129.jpg)
![](http://www.tryggheimstrand.no/wp-content/uploads/2017/11/20171121_083101.jpg)
Kor mange smil har du delt ut i dag?
![](http://www.tryggheimstrand.no/wp-content/uploads/2017/11/received_1502143546499772.jpg)
![](http://www.tryggheimstrand.no/wp-content/uploads/2017/11/received_1502143646499762.jpg)
«Lat oss ha omtanke for kvarandre, så vi oppgløder kvarandre til kjærleik og gode gjerningar.»
Hebr. 10, 24